Alle innlegg av 6214Herdal
Glimt frå sommaren 2019
Setersommaren 2019 var god både for dyr og folk. Etter litt heft med tekniske utfordringar fekk vi geitene til seters 19. juni. Da kunne vi også ynskje dei første gruppene med turistar velkomne til støls. Beita var gode og geitene leverte mykje og god mjølk. Målet var å vera på setra til sist i september, men veret slo seg vrang midt i september. 16. september bar det heimatt, med snø langt ned i liene var det ikkje anna råd. Etter den tid tok vi imot gruppene av turistar heime, dei siste så seint som 20. oktober. No er alle dyra inne, vi bur oss på vinteren – og ser fram til ein sommar te . . .
Vårens vakraste eventyr er i gang
Over 140 geit har kjea, så det er eit yrande liv i fjøset. Ser fram til fin vår og sommar, og tidleg seterjaging som i fjor.
Rekordtidleg til seters
Tidleg vår gjorde at allereie 9. juni kunne vi flytte geitene til fjells, til stor glede for både dyr og folk!