Kategoriarkiv: Nyhende
Mangesysleri
Åshild Dale og Jostein Sande har vore – og er – engasjert i mangt og mykje også utanom gard og seter. Båe skriv og har levert artiklar til tidsskrift og blad – og større og mindre bolkar til bøker.
Åshild fotograferer mykje og har eit rikhaldig fotoarkiv som også andre nyter godt av. Jostein er faghistorikar og har m.a. skreve fleire bygdabøker – Sunndalsboka bd.6-8: Tid som var 1981, Tid i endring 1984 og Tidsskifte 2000 (til saman bygdahistoria frå steinalder til 1980-åra) og Stordalsboka bd. 1 – Skiftande tider (steinalder til 1920). Jostein var elles medforfattar i boka Dovrefjell (Grøndahl-Dreyer 1994).
Tysk magasin
Ei reise tilbake i tid
Biletet vårt av Afrika inneheld gjerne mest tørke, krig, fattigdom og svolt, berre ispedd praktfulle soloppgangar og solnedgangar. Men kjem ein dit, finn ein fort ut at biletet er så mykje meir mangfaldig, eit enormt kontinent som eigentleg har alt å by på.
Og Etiopia, som vi var så heldige å kome til, er neppe det minst mangfaldige landet i Afrika, enormt stort i areal og med eit folketal som har passert 80 millionar.
Les artikkel frå Storfjordnytt (pdf)