Sist sommar møtte vi Oskar Puchmann på Herdalssetra, der han med utgangspunkt i gamle foto, somme godt over 100 år gamle, tok nye bilete av stølen.
Oskar Puschmann, er landskapsgeograf og seniorrådgivar ved Norsk institutt for skog og landskap, landskapsseksjonen. Puschmann har jobba med norske jordbrukslandskap sidan 1988, og har sidan 1994 hatt ansvar med å vidareutvikle eit nasjonalt referansesystem for landskap. Dei siste åra har han arbeidd mykje med visualisering av landskapsendringar, særleg gjennom refotografering av gamle landskapsfotografi.
Puschmann ga i 2006 ut boka Tilbakeblikk – Norske landskap i endring på Tun forlag saman med Wenche Dramstad og Ragnhild Hoel. Det er også oppretta ein eigen nettstad for endringsbileta i samarbeid med Norsk Folkemuseum.