Det opplevingstilbodet Åshild Dale og Jostein Sande har utvikla på Herdalssetra – med utgangspunkt i deira gamle seterhus – er tildelt Olavsrosa. Dette kvalitetsmerket blir tildelt ulike opplevingstilbod med basis i kulturarven – etter strenge kriteriar.
Norsk Kulturarvs kvalitetsmerke Olavsrosa viser veg til eineståande opplevingar rotfesta i den norske kulturarven.
Olavsrosa er det leiande varemerket for opplevingstilbod med basis i den norske kulturarven. Kvalitetsmerket blir tildelt opplevingar av særleg høg standard, med omsyn både til kulturhistorie og formidling. Olavsroseinnehavarane er fyrtårna i Norsk Kulturarv, og vil i alle samanhengar stå sentralt både i profilering og markedsføring av kulturarvopplevingar for eit breitt publikum.
Olavsrosa symboliserer stor respekt for fortida, men også glede, nytte og spennande opplevingar i dag. Innehavarane av Olavsrosa forpliktar seg til å vere gode ambassadørar for ein levende kulturarv og til å formidle historia til gjestene sine.
Sjølve symbolet Olavsrosa byggjer på valknuten – eit gammalt symbol for vern, som er kjent både frå Norge og utlandet.
Olavsrosa – våre beste opplevingar
Over 90 kulturarvprodukt over heile landet er tildelt Olavsrosa. Dei utgjer eit breitt spekter av ulike opplevingar. Lista over stader som har Olavsrosa gjenspeglar det store mangfaldet i kulturarven vår. Her finn vi alt frå seglskuter, fyr og fiskevær, spennande overnatting og servering på gamle gardar, setrer, historiske hotell eller rorbuer til industrihistorie, gamle jernbaner, handverkstradisjonar og kulturarrangement.
Kvalitetsvurdering
Kvalitetsmerket er basert på fleire formelle kriterium, og blir tildelt etter søknad frå kvar enkelt. Det er styret i Norsk Kulturarv som avgjer søknader etter tilråding frå Norsk Kulturarvs Fagråd. Tildeling av Olavsrosa skjer etter ei ei totalvurdering av produktets kvalitet. Ved søknad om tillatelse til å bruke kvaltitetsmerket, blir opplevelsen publikum blir tilbudt, underlagt ei kvalitetsvurdering som legg vekt på:
- • produktet sin kulturhistoriske verdi,
- • korleis dei kulturhistoriske verdiane er ivaretatt, og
- • korleis produktet er tilrettelagt og blir formidla til pubikum.
Kvalitetsmerket er underlagt årleg kontroll, og alle innehavarar av Olavsrosa leverer årlege rapportskjema.