Produkt

Besøk på garden  og setra

Heile året Grupper på opp til ca. 50, 1 time – lengre tid etter avtale. Tilsvarande opplegg på gard og seter, alt etter tid på året og ynskje. Pris etter avtale

Juni-sept/okt

”Ei vandring i tid, lukt og smak” – formidling av historie og tradisjonar,  oppleving av ysting og smaksprøvar med hovudvekt på ost, karamell og andre geitprodukt. Saft, sider og urte-eddik frå økologisk frukthage. Alle produkt utan kunstige tilsettingar.
Pris etter avtale

Serverer lunsj med garden sine produkt eller andre måltid etter avtale. Spesialitet: mat frå naturen i naturen – bål, grilling, grop.

Tilbyr faglege opplegg for grupper med særlege interessar innan: historie, seterdrift og seterkultur, naturvern, småskala foredling og bygdeutvikling – frå pilotprosjekt til viktig næring med ringverknader.

”Herdalskaramell”

karamell av geitmjølk kokt i jerngryte, fleire variantar med smak/krydder frå økologisk hage og Herdalen
Heile året, større parti etter avtale

Pakka i spon-øskjer med motiv frå Herdalssetra
–       naturell
–       med hasselnet
–       med hasselnet og frukt

Geitost Etter tinging

Brunost kokt i jerngryte
Salatost (i olje og eigenprodusert økologisk eddik og urter frå naturen)

Geitkjøt

Sesongvare, elles etter avtale

Kjekjøt, grill/gryteferdig
Kjekjøt, urtemarinert, grill/gryteferdig

Stabburstørka:
– spekepølser av geit m/ krydder-urter frå fjellet (ca. 900 gram)
– sider av geit (pinnekjøt)
– speka lår av geit
– spekemør av geit med krydder-urter frå fjellet